Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Teater i Julsundet

Endeleg kan vi starte opp med teater i Julsundet! 

Vi startar opp ei gruppe i Julsundet onsdag 15. sept kl.16.15–17.15 i auditoriet på Julsundet skole

Skodespelar Hugo Mikal Skår skal vere vår teaterlærar i Aukra. Hugo er 42 år, kjem frå Rogaland og bur i Molde. Han har treårig teaterutdanning frå skodespelarlinja på Nordisk institutt for scene og studio (NISS). Hugo har mykje erfaring frå teater, han har spelt på mange teaterscener, mellom anna hos Teatret vårt i Molde. Han har også erfaring frå film.

No kan DU få vere med å utforske improvisasjon og skodespel. Du treng ingen forkunnskapar eller erfaring, her kan alle frå 4. trinn og oppover bli med! 🎭

🔵  Vi startar opp ei gruppe i Julsundet onsdag 15. sept kl.16.15–17.15 i auditoriet på Julsundet skole. Det blir open time og det er berre å møte opp om du er interessert!

Les meir og send inn din søknad: https://bit.ly/teateraukrakulturskole