Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Teater i Aukra kulturskole

Vi er tilbake frå ferie og har ei god nyheit:

Endeleg kan vi starte opp att med teater i Aukra kulturskole!

Skodespelar Hugo Mikal Skår skal vere vår teaterlærar i Aukra. Hugo er 42 år, kjem frå Rogaland og bur i Molde. Han har treårig teaterutdanning frå skodespelarlinja på Nordisk institutt for scene og studio (NISS). Hugo har mykje erfaring frå teater, han har spelt på mange teaterscener, mellom anna hos Teatret vårt i Molde. Han har også erfaring frå film.

No kan DU få vere med å utforske improvisasjon og skodespel. Du treng ingen forkunnskapar eller erfaring, her kan alle frå 4. trinn og oppover bli med! 🎭

🔵  Vi startar opp ei gruppe på Gossen allereie onsdag 25. aug kl.13.40–15.10 i kulturskolen på Riksfjord. Om vi får fleire søkjarar i Julsundet kan det bli aktuelt med ei gruppe der og. Tips gjerne nokon du kjenner!

Send inn din søknad: https://bit.ly/teateraukrakulturskole