Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Nye tilbod hausten 2020

Nye tilbod på Gossen og Julsundet fra hausten 2020: Digital kunst og Blåsegruppe

BLÅSEGRUPPE 

Aldersgruppe: frå 4.trinn

Stad: Julsundet og Gossen

Blåsegruppe er eit samspelstilbod for dei som har spelt eit blåseinstrument tidlegare.

Instrument: fløyte, klarinett, saksofon, kornett.

Undervisninga blir rett etter skoletid (i SFO-tida)

 

DIGITAL KUNST 

Aldersgruppe: i grupper frå 4. trinn

Stad: tilbud både på Gossen og i Julsundet.

I faget digital kunst jobbar vi med digital teikning, animasjon og foto. Vi tek i bruk digitale verktøy som ipad med digital penn og program som Procreate, FlipaClip og Snapseed. Vi har speilreflekskamera og anna utstyr som er nødvendig for faget. Saman vil vi utforske moglegheitene og utfordre kreativiteten på fleire områder.


NB! Vi er avhengig av tilstrekkeleg med søkjarar for å starte opp tilboda.

Søk om plass innan påmeldingsfristen 15. mars