Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Namnekonkurranse - Aukra kulturhus og basseng

Aukra Kulturhus og basseng skal stå ferdig i 2022 og tida er inne for å utlyse ein namnekonkurranse. No kan du vere med å påverke gjennom å sende inn ditt forslag til kva huset skal heite.

Aukra kulturhus og basseng skal vere staden der alle kjenner at dei høyrer til. Namnet må gje eit tydelig signal, ha lokal identitet og vere lett å seie.

Alle forslag blir vurdert i ein jury og kommunestyret tek det endelege valet. Vi håper på eit stort engasjement og mange gode innspel.

Svarfrist 1. mai - send inn ditt namneforslag