Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Ledig eittårig engasjement som kulturskolelærar i faga musikkterapi og teater/drama

Hei, du! Vil du jobbe i lag med oss i Aukra kulturskole og vere lærar for våre flotte elevar? Eller kjenner du nokon som kan passe?

Vi har ledig eit eittårig engasjement som kulturskolelærar i faga musikkterapi og teater/drama, totalt 40% stilling.

Stillinga er todelt og du kan søke på ei av dei, eller begge:

🎹 20% engasjement som musikkterapeut

🎭 20% engasjement som teater/dramapedagog

Vi har elevar på venteliste som ønskjer å vere med på teater og musikkterapi er eit fag som vi nyttar i fleire av våre tilbod. 

Fullstendig stillingsutlysning kan du lese her 

Litt om oss: Aukra kulturskole er ein kulturskole i vekst. I 2022 flyttar vi inn i nye, topp moderne lokale i det nye kulturhuset på Falkhytten. Her vert heile kulturtenesta samla under eitt tak, og kulturtilbodet for innbyggjarane i Aukra kommune vil bli endå større og betre. Les meir om oss og sjekk alt det spennande vi driv med på nettstaden vår: www.aukrakulturskole.no