Kor Kjekt og Nordavind for første gong i Wicksalen i Aukra kulturhus
Onsdag 05.11 møttest dei to demenskora Kor Kjekt og Nordavind for første gong i Wicksalen i Aukra kulturhus. Og det var både kjekt og trøkk då over 50 glade songarar, løfta eit variert repertoar til nye høgder. Formålet var å øve til felles julekonsert, som skal framførast same stad den 11.12. Nesten to timar var over i ein fei, og tilbake set vi att med minna om kor sterkt og flott det var å vere med på dette. Vi gledar oss til å få dele dette med alle som ønsker å ta imot i desember. (Er du ein av dei, må du sette av 11.12 kl 17 i Aukra kulturhus.
Publisert 21.11.2025 11.22
Sist endra 21.11.2025 11.24