Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

KAUK: Tverrfagleg kulturproduksjon for 10. trinn på Gossen barne- og ungdomsskole

Elevane i 10. trinn skal samarbeide om å sette opp ein produksjon på eigen hand ved å planlegge og utarbeide ei framsyning frå idé til gjennomføring.

Elevane jobbar sjølvstendig med alt frå tema, bodskap og innhald i framsyninga, til arbeidsroller og ansvarsfordeling. Elevane har vore på kulturskolen kvar veke for å jobbe med KAUK, dei får veiledning frå lærarar i kulturskolen og grunnskolen.

For å sette opp ei slik forestilling må ein dekke opp fleire behov: band, vokal, drama, dans, produksjonsteknikk og marknadsføring. I år får vi innblikk i draumar og tankar om framtida, der handlinga foregår fram i tid på ein gjenforeningsfest og det viser seg at underlege ting skjer.. Torsdag 4. november får vi sjå resultatet av alt arbeidet den flotte gjengen i 10. trinn har lagt ned denne hausten, vi gler oss 😀