Julekonsert med Demenskora- Kor Kjekt og Nordavind

Julekonsert med Demenskora- Kor Kjekt og Nordavind 16. Desember i Wickssalen

I går gjekk julekonserten med demenskora "Kor Kjekt" frå Molde, og "Nordavind" frå Aukra av stabelen! Dei hadde øvd inn eit variert repertoar, med blanding av julesongar og andre kjente songar. Eit knapt hundretalls publikum, fekk i Wick-salen oppleve nærare 50 korsongarar med trøkk og songglede.

Asgeir Hoffart var vikar pianist, og Cloi Sugano deltok som konferansier og solist. Også andre kormedlemmer bidrog som solistar.

Kora var med å spreie songglede, og formidla mest kjente, men også mindre kjente songar og musikk på ein utmerket måte. Til saman vart dette ei uforgløymeleg førjuls-stund som har skapt stemning og glede inn i juletid og mørketid.

Takk for innsatsen til alle songarar, og alle andre som har bidrege til at dette vart som det vart!