Hovedportal

Førehandsstemme

Stemme tidleg, på førehand, frå utlandet, frå institusjon eller frå heimen.

Viktige datoar
Viktige datoar Frå og med Til og med
Tidlegstemme 1. juli 9. august
Førehandsstemme 10. august 6. september
Førehandsstemme utanriks 1. juli 30. august
Førehandsstemme Jan Mayen/Svalbard 1. juli 6. september
Valdagen 9. september 9. september

Førehandsstemme

I førehandsstemmeperioden kan du stemme kor du måtte ønskje i heile landet. Dersom du førehandsrøystar i ein annan kommune enn heimkommunen din, får du utdelt ein stemmesetel som er påførd dei registrerte namna til dei politiske partia, utan kandidatnamn. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti/gruppe du vil stemme på. Du kan også skaffe stemmesetel frå din kommune og bruke den dersom du ønskjer å gjere endringar. Det same gjeld dersom du stemmer utanfor fylket ditt.

Slik kan du førehandsstemme i Aukra kommune: 

Førehandsstemming
Førehandsstemming
Stad Tidspunkt Kl.slett
Kommunehuset Kvardagar 08-30 - 15.30
Kommunehuset - langope Onsdag 28. august og 4. september 15.30 - 19.00
Aukra omsorgssenter Måndag 2. september 11.00 - 13.00
Orta Tysdag 3. september 14.30 - 16.30
Julsundet skole, biblioteket Torsdag 5. september 16.00 - 19.00

Kan eg stemme fleire gonger?

Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogeleg å angre på stemmegjevinga si i Noreg. Det betyr at dersom du førehandsstemmer, så kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen.

Er du sjuk eller ufør?

Dersom du ikkje kan komme til eit vallokale på grunn av dårleg helse eller av andre grunnar, kan du søkje valstyret i kommunen din om å få stemme heime eller der du held til. Då kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma der.

Ta kontakt med serviceavdelinga innan tysdag 3. september på tlf. 71 17 15 00 for å avtale tid.

Oppheld du deg i utlandet?

Dersom du bur eller av andre grunnar oppheld deg i utlandet eller på Svalbard og Jan Mayen, kan du stemme på førehand på norske utanriksstasjonar eller hos særskilt oppnemnde stemmemottakarar, eller du kan brevstemme. Les meir om korleis du førehandsstemmer i utlandet på valg.no.

Tidlegstemme (tidlegstemmeperioden er avslutta)

Du kan stemme i perioden 1. juli til 9. august dersom du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsstemming, og heller ikkje på valdagen.

Kvar kan du tidlegstemme?

Vi kan ta i mot tidlegstemma di på kommunehuset. Du har ikkje fått valkortet enda, ta med legitimasjon når du skal stemme.