Status vaksinering

Status vaksinering

Aukra kommune er i stor grad ferdig med vaksinasjon av alle innbyggjarar over 12 år. Vi vil derfor framover vaksinere berre i partalsveker. Av den grunn vil det bli noko forskjellige intervall på dose 1 og dose 2 for innbyggjarar framover. Vaksineringa skjer framleis i Aukrahallen. 

Vaksinering 12-17 år

Det vil kome informasjon om vidare vaksinasjon av 12-15 åringane.

For 16-17 åringane er det tilrådde intervallet mellom dose 1 og 2 sett til 8-12 veker. Dei vil få SMS om ny time. Også då vil det bli på ettermiddag. Mest sannsynleg vert det vaksinering av denne gruppa i veke 44 eller veke 46. 

Dose 3

For innbyggjarar som er prioriterte til dose 3 vil vi ta kontakt med dei så fort vi får oversikta frå spesialisthelsetenesta. Du kan også ringje koronakontakten å bestille time dersom du veit at du er i prioriteringsgruppa som skal ha tredje dose. Hugs at du då må dokumentere at du er i den gruppa, anten ved brev frå spesialisthelsetenesta eller kopi av resept frå helseNoreg eller journal.

Tilbod om koronavaksine

Har du ikkje fått bestilt deg time til vaksinasjon kan du framleis gjere det ved å ringje koronakontakten på telefon 906 92 558 eller på e-post tiili.stamsvik@aukra.kommune.no

Status vaksinering

Frå og med veke 38 legg ikkje kommunen ut nye tal på status vaksinering. 

 

Kontaktinformasjon

Koronatelefon
Mobil 906 92 558