Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Digital helsestasjon - digital kontakt med helsestasjon og skolehelsetenesta

Helsestasjonen og skolehelsetenesta i Aukra kommune nyttar seg av helsestasjonstenester på Helsenorge. Det gjer at du kan kommunisere med helsestasjon og skolehelsetenesta på nett - på ein sikker måte.

Kva kan eg gjere på Helsenorge?

På Helsenorge kan du

  • bestille, endre eller avbestille time
  • sende melding til helsesjukepleiar og jordmor

Informasjon om tenesta på helsenorge.no

Innlogging skjer gjennom BankID, BankID på mobil, Buypass ID eller Commfides e-ID på Helsenorge og har høgaste sikkerheitsnivå.

Bruk av Helsenorge på vegne av barn

For å bruke Helsenorge på vegne av barn logger du først inn som deg sjølv. Deretter vel du kven du vil sjå opplysningane for eller utføre tenester på vegne av.

Du kan bruke Helsenorge på vegne av barn under 12 år. Når barnet fyller 12 år vert innsynsretten for foreldre automatisk redusert. Du kan då ikkje lenger sende melding på vegne av barnet, men du kan framleis sjå alle timeavtaler, med mindre avtalen er unnateke foreldreinnsyn.

For unge over 16 år har ikkje foreldre lenger tilgang til tenester på vegne av barnet.