Om arrangementet
Romsdalsorkesteret er eit samarbeidsprosjekt mellom alle kommunane i Romsdal, som samlar musikarar frå regionen. Orkesteret spelar klassisk musikk frå ulike periodar og samarbeider også med andre musikarar og kor om større konsertar. Mellom anna har Romsdalsorkesteret samarbeidd med Kristiansund Symfoniorkester om større orkesterprosjekt.
På konserten blir det framført verk av Mozart, Rossini og Beethoven.
Solist i Mozart sin klarinettkonsert i A-dur er Johannes Tylden.
Johannes Tylden er født 2006 og er ein klarinettist frå Kristiansund. Han byrja å spele klarinett hos Marcus Alexandersson ved Operaen i Kristiansund. Etter å ha fullført vidaregåande skule byrja han ved Noregs musikkhøgskole hausten 2025, der han no studerer andre året med professor Björn Nyman.
Program
- Gioachino Rossini - Ouverture frå Barberen i Sevilla
- Wolfgang Amadeus Mozart - Klarinettkonsert i A-dur, K. 622
- Wolfgang Amadeus Mozart - Symfoni nr. 25 i g-moll, K. 183
- Ludwig van Beethoven - 12 Contretänze, WoO 14
Billettar
- Vaksen 300 kr
- Barn/ungdom under 18 år gratis
- Ledsager gratis
Kjøp billett