Omtale
KAUK-gjengen i 10. trinn på Gossen barne- og ungdomsskole presenterer KAUK 2026 - Ready to take off!
Kva er KAUK? Elevane i 10. trinn skal samarbeide om å sette opp ein produksjon på eigen hand ved å planlegge og utarbeide ei framsyning frå idé til gjennomføring. For å sette opp ei slik framsyning må ein dekke opp fleire behov, til dømes band, vokal, drama, dans, produksjonsteknikk og marknadsføring. KAUK er eit samarbeid mellom Aukra kulturskole og Gossen barne- og ungdomsskole.
Billettar
- Vaksne: 150 kr
- Barn under 16 år: 50 kr
Billettsalet starten i midten av veke 39.