Denne dagen set vi fokus på ombruk, gjenbruk og enkle reparasjonar. Vi ønskjer å vise korleis ting kan få nytt liv i staden for å bli kasta.
Nytt i år! Linn Blomvågnes er med på laget og formidlar brukte festantrekk, sjå eige arrangement.
Dette skjer på ombruksdagen:
- Medlemmer har stand der du kan kjøpe redesigna produkt og andre ting som kan brukast om igjen
- Tombola med mange flotte gevinstar
- Pop-up-butikk der du kan selje brukte strikkeplagg, luer, vottar og liknande. Ta kontakt dersom du ønskjer plass. Det er gratis å delta.
- Gratisbord der alle kan levere eller hente garn, bøker, strikkepinnar, heklenåler, stoff, sytråd og anna hobbyutstyr
- Strikke- og heklebord der du kan arbeide med eigne prosjekt og få hjelp dersom du står fast
- Enkel reparasjon av klede og andre tekstilar
Dette blir ein innhaldsrik husflidsdag med fokus på ombruk og berekraft, der både store og små kan finne inspirasjon til å ta vare på tinga dei allereie har.
Har du spørsmål? Send ei melding via Aukra husflidslag si Facebook-side eller kontakt Janne Wie på e-post.