Omtale
- Her vert det mogleg å levere inn og kjøpe brukte festantrekk, som kjolar og dressar.
- Arrangementet er ein del av Ombruksdagen til Aukra Husflidslag.
- For å hjelpe kjøparar med eventuelle tilpassingar og rettingar av antrekka, vil medlemmer frå husflidslaget vere til stades og gi rettleiing.
Ta kontakt om du har spørsmål:
- Linn Blomvågnes på mobil 975 81 877 (kveldstid)
- Janne Wie på mobil 454 16 737
Innlevering av festantrekk
Alle som leverer inn festantrekk må fylle ut eit skjema som er tilgjengeleg på innleveringsstaden. Personen som signerer skjemaet må ha fylt 18 år.
Innleveringstidspunkt
- Onsdag 7. oktober kl. 18.00 til 20.00, Myra og Nota på Aukra kulturhus
- Torsdag 8. oktober kl. 18.00 til 20.00, Myra og Nota på Aukra kulturhus
- Fredag 9. oktober kl. 18.00 til 20.00, Wickssalen på Aukra kulturhus
Henting av uselde antrekk
Klær som ikkje blir selde, kan hentast i Aukra kulturhus søndag 11. oktober mellom kl. 11.00 og 15.00. Det er mogleg å avtale anna hentetid dersom du er bortreist. Festantrekk som ikkje er henta innan fredag 16. oktober kl. 20.00, og der vi heller ikkje har fått beskjed frå eigar, blir leverte til Fretex veka etter.