Vi skal gå i beitelandskapet og høyre om lyngheia som beite for husdyr, korleis dyra påverkar landskapet, korleis vi skal vurdere beitetrykket, og korleis vi kan vite om skjøtselen er riktig. Vi håpar det blir gode samtalar om lyngbrenning og anna skjøtsel, og at det blir ein triveleg og lærerik dag for oss alle.
Oppmøte ved gapahuken ved Smågevatnet. For dei som kjem med ferje: Ta ferja frå Hollingsholmen kl. 10.30, eller ei tidlegare ferje.
- 11.00 Kaffe, te og litt prat ved oppstart
- 11.30 Formidling og erfaringsdeling ute i kystlandskapet
- 13.00 Mat ved gapahuken og vidare prat der. Det blir servert baguettar.
Vi reknar med å avslutte rundt kl. 14. Det går ferje frå Aukra ferjekai kl. 14.30.
Les meir om arrangementet på NLR si nettside