Sogenemnda ønskjer velkommen til arrangement knytt til Kulturverndagane 2026, der årets tema er «Kulturarv i fare». Korleis tek vi vare på vår felles kulturarv - i ei tid der alt er i endring?
Arrangementet har start og sluttpunkt på Løvikremma kystgard. Det blir ei historisk vandring der vi går turstien frå Løvikremma opp til Løvik kystfort. På vegen blir det nokre stopp der det vil bli fortalt om spor frå jernalder, Ingridsteinen, gravhaugar, spora etter torvuttak/«torvfabrikk» i myra bak Ingridsteinen, fiskarbonden og om kystfortet.
Alle desse kulturminna vil gro att og forsvinne, om vi ikkje tek vare på dei. Fokus for vandringa vil, i tråd med temaet for årets kulturverndagar, vere bevaring og ivaretaking av kulturarven vi har.
- Det blir kafé på Løvikremma klokka 12 til 16
- Historisk vandring startar klokka 12.30, dette passar godt med ferje klokka 11.45 frå Hollingsholmen
- Ordføraren deltek på arrangementet