• Gjentakande aktivitet
  • Hending

Digital kafé

Dato

Tirsdag 21. oktober 2025

Tidspunkt

kl. 16.00 - 18.00

Stad

Soltun scene på Aukra kulturhus

Ønsker du å lære meir om korleis du bruker smarttelefon, nettbrett eller korleis du navigerer på internett? Aukra pensjonistlag og Aukra kommune inviterer alle som ønsker det til digital kafé.

På digital kafé vil du møte våre supre instruktørar som har vore med oss kvart år, samt fleire kjempegode hjelpeinstruktørar frå pensjonistlaget. 

Viktig informasjon om tilbodet

  • Ta med eige utstyr – smarttelefon, PC, iPad/nettbrett.
  • Det er låg terskel for å delta.
  • Vi stiller med kaffi og noko å bite i.
  • Kvar samling vil ha ein felles del der vi ser på eit tema. So blir det hjelp rundt borda. Du kan få hjelp til det meste - så langt kompetansen til instruktørane rekk.
  • Hugs: Det å møte menneske har ein verdi i seg sjølv.

Må eg melde meg på?

Du treng ikkje å melde deg på kafékvelden! Du kjem og går som du vil. Tilbodet er gratis. 

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med Wilhelm Andersen på telefonnummer 913 78 749 om du lurer på noko. 

Oversikt over tema for hausten 2025

    1. Kom i gang med telefon og nettbrett
      1. Skru på og av, lade rett, bruka berøringsskjerm, viktige innstillingar som lys, lyd osb.
    2. Tryggleik på nett
      1. Oppdage svindel, usanningar (falske e-postar, SMS osb. Sørgja for å ha vernande passord som gjer
        det vanskeleg for andre å komma inn på telefonen eller nettbrettet ditt.
    3. BankID og offentlege tenester
      1. Korleis logge inn med BankID, bruke nettbank og offentlege tenester som Skatteetaten, NAV,
        helseappar. Bankid, er ein sikker måte som trengst for å bevisa at dette er deg.
    4. Søke på internett og YouTube
      1. Finne informasjon via Google, nyheiter, hobbyar og underhaldning, søkja etter videoar på YouTube
    5. Kommunikasjon med familie og venner
      1. Sende SMS og e-post, bruka meldingsappar (Messenger, WhatsApp)
    6. Helse på nett
      1. Bruk av Helsenoreg, bestilla legetime, sjå reseptar og journalar
    7. Videosamtalar
      1. Snakke med familie via FaceTime, Messenger eller WhatsApp. Bruke Zoom eller Teams til møte med
        lege eller andre. Dette er måtar å kommunisera, der de ser kvarandre, ikkje berre høyra kvarandre.
    8. Navigering i appar og menyar
      1. Forstå menyar og symbol, byte mellom appar, bruka heim-knappen
    9. Bilete og kamera
      1. Ta bilete og videoar, sjå på og dela bilete med familie
    10. Laste ned og oppdatera nødvendige appar
      1. Installere nye appar, oppdatera og slette appar

Dagar aktiviteten går føre seg

Oktober

  • 21.10.2025
  • 28.10.2025

November

  • 04.11.2025
  • 11.11.2025
  • 18.11.2025
  • 25.11.2025

Desember

  • 02.12.2025
  • 09.12.2025

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Namn

Soltun scene på Aukra kulturhus

Adresse
Aukraringen 3
6480 Aukra