Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Produksjonsteknikk

Aldersgruppe: i grupper frå 8. trinn

Stad: tilbud både på Gossen og i Julsundet

Søk om plass på produksjonsteknikk

Beskrivelse: 

Lyd, lys, scene, show 💥

Har du lyst å lære deg korleis ein produserer ein konsert?

Er du interessert i lyd, lys, teknologi og sceneproduksjon?

Om du skal vere med i KAUK i 10.trinn på GBU kan DU vere den som styrer heile showet frå kontrollbordet. 

Undervisninga i faget skal skape ei grunnleggjande forståing av fagfeltet musikk-/lyd-/lys-/konsertproduksjon. Den praktiske kunnskapen står sterkt i fokus, og vil verte vektlagt i løpet av dei to semestera. Ein kombinasjon av den grunnleggjande forståinga og den praktiske kunnskapen skal skape grunnlaget for at eleven skal kunne styre og planleggje produksjonar heilt på eiga hand.