Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Fiolin

Aldersgruppe: frå 1. trinn

Stad: tilbud både på Gossen og i Julsundet

Søk om plass på fiolin

Beskrivelse: 

Fiolin er eit instrument med lange tradisjonar i Noreg, både innan folkemusikken og den klassiske musikken. I dag brukast fiolin også i alle andre sjangre, for eksempel pop, jazz, rock, country og samtidsmusikk.

Opplæringa i kulturskolen har klassisk retning men eleven vil også få kjennskap til dei andre sjangrane. Fiolinen brukast som soloinstrument, i grupper eller i orkester.

Kulturskolen leier ut fiolinar i tilpassa storleik. Ved overgang til ”voksen” storleik er det vanleg å kjøpe eige instrument. Eleven kjøper inn eigne lærebøker med veiledning frå lærar.