Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

El. gitar

Aldersgruppe: frå 3. trinn

Stad: tilbud både på Gossen og i Julsundet

Beskrivelse: 

Gitar er eit gamalt instrument med eit utal variasjonar og funksjonar. Tradisjonelt har gitaren vorten utvikla frå eit akkompagnementsinstrument til dagens solistiske funksjon. Gitar er både eit solistisk og eit bandretta instrument som ofte får ei framtredande rolle. Gitaren finn ein i alle sjangrar, der den elektriske dominerar rock, blues, metal osv., og den akustiske finn ein i pop, country, ballade, vise osv. 

Opplæringa ved Aukra Kulturskole har rytmisk fokus og det er her eleven vil få mesteparten av si rettleiing. Eleven må kjøpe og nytta eige instrument på alle timar, både samspel og individuell rettleiing. Læraren stiller til rådighet ved val av instrument tilpassa kunnskapen og behovsnivået til eleven. Dessutan vert tuner (stemmeapparat) nytta frå starten av opplæringa, dette kan enten kjøpast eller nyttast digitalt (datamaskin, applikasjon på telefon/nettbrett osv.)

Søk om plass på el.gitar