Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

El.bass

Aldersgruppe: frå 3. trinn

Stad: tilbud både på Gossen og i Julsundet

Beskrivelse: 

Elektrisk bassgitar er eit relativt ungt instrument, og tek utgangspunkt i bassfunksjonen til rytmisk musikk. Bassgitar er eit bandretta instrument som har som rolle å være det bunnsolide limet mellom rytmisk akkompagnement og melodibasert solo/song. Bassens funksjon finn ein i alle sjangrar, men den elektriske bassen rettar seg mest mot pop, jazz, rock, country og samtidsmusikk. 

Opplæringa ved Aukra Kulturskole har rytmisk fokus og det er her eleven vil få mesteparten av si rettleiing. Eleven må kjøpe og nytta eiga instrument på alle timar, både samspel og individuell rettleiing. Læraren er behjelpelig for råd ved kjøp av eige instrument. Metronom (tidshaldar) og tuner (stemmeapparat) vert nytta frå starten av opplæringa, dette kan enten kjøpast eller nyttast digitalt (datamaskin, applikasjon på telefon/nettbrett osv.) 

Undervisninga vert gitt individuelt og i grupper.

Søk om plass på el.bass