SeniordansSENIORDANS
Dansetilbodet for seniorar er organisert som danseklassar kvar veke på dagtid i ei fast gruppe. Her blir ulike dansestilar introdusert gjennom lettfattelig og tydelig instruksjon leia av erfarne dansepedagogar.
Timane vil normalt innehalde oppvarming, kreative øvelsar og lett koreografi, samt øvelsar som styrkar og strekker kroppen. Timane gir deltakarane eit sosialt møtepunkt, samtidig som ein dreg nytte av dei fysiske og mentale helsebringande effektane assosiert med dans. Dansing betrar konsentrasjonsevne, balanse og kroppshaldning, samtidig som det er sosialt og morosamt! Gjennom enkle trinn til fengande musikk blir ein både smidigare og sterkare.
Her er det plass til alle; både dei som har dansa noko tidligare og dei som ønskjer å ta sine første dansesteg. For å delta på desse klassane, treng ein dirfor ingen forkunnskaper eller ein fast dansepartnar. Nivået blir tilpassa gruppa, og danseglede står høgt i fokus!
Tilbod på Julsundet og Gossen. Oppstart av tilbod avhenger av nok påmeldte.
Det oppfordrast til å ha med drikkeflaske og gode danseklede
Påmelding - Aukra kulturskole