SamtidsdansAldersgruppe: Frå 5.trinnStad: Gossen og Julsundet. Gruppa blir satt saman etter alder/nivå og søkjarmasseAlle dansegrupper er opne for både jenter og gutar.Samtidsdans er ei nyare form og videreutvikling av den moderne dansen. Det finnes mange ulike metodar og uttrykksformer innanfor denne stilarten, og vil derfor variere ut ifra kvem som underviser. Kjenneteikn på samtidsdans er flyt, gulv- og releasearbeid, bruk av tyngdekraft og naturlege bevegelseskvalitetar. Stilen utforskar også ulike metodar å danse på igjennom improvisasjon, og utvikle sitt eige uttrykk. Karakteristisk for denne dansestilen er blant anna avspenning og bruk av tyngdekraft og vektskifter, samt kontakt med golvet. Ein brukar normal ikkje sko i samtidsdans. Målet for elevane er å lære seg grunnleggande metodar innafor samtidsdans, ved bruk av gulv og tyngdekraft, for å skape flyt i bevegelsane, samt å utvikle sin måte å uttrykke seg på. Musikken kan vere frå ulike sjangrar. Dette tilbodet kan kombinerast med andre dansetilbod som hiphop og jazzdans. Samtidsdans Publisert 15.02.2024 09.38 Sist endra 11.02.2026 13.30