Juniorkompaniet

Dans i Romsdal - Juniorkompani for 6.-8.trinn 


Gjennom samarbeidet "Dans i Romsdal" med Molde og Hustadvika kulturskole er det tilbod om Juniorkompani for ivrige danseelevar frå 6.-8.trinn i disse 3 kommunane. Dette er eit ledd i fordjupningstilbodet vårt, og er for elevar med ønskje om å vidareutvikle seg som dansar, både teknisk og scenisk. Denne danseklassen er ikkje bundet til ein spesifikk sjanger/stil, og du kan søkje uansett kva sjanger du dansar i utgangspunktet. Juniorkompaniet kjem til å jobbe med å skape danserisk materiale sjølv og saman med andre, samt lære koreografier. Det vil også være opptredenar og forestillingar, kor éin av desse vil være i samarbeid med dei andre fordypningselevane ved kulturskolen (Kompaniet (dans), kunst, teater og musikk)
Det forventast at elevane prioriterer oppmøtene for å få best mulig kontinuitet i arbeidet.
For å delta i denne klassen, må du være danseelev på minst èin danseklasse i din heimkommune. Undervisninga foregår primært kvar veke i Molde kulturskoles sine lokaler, men oppmøter og oppdrag i de andre kulturskolar kan også være aktuelt. Klassen varer i 75 min.

Søk plass: Påmelding - Aukra kulturskole (speedadmin.dk)