I jazzdans handlar det om rytmikk, musikalitet og dynamikk. Det er varierte koreografiar med kule bevegelsar og fengende dans til musikk frå dagens hitlister. Vi jobber også med å utvikle styrke, koordinasjon, bevegelighet og uttrykk. Jazzdans er ein populær dansestil, hvor danseglede og meistring står sentralt.
Dans i Romsdal - Juniorkompani for 6.-8.trinn
Gjennom samarbeidet "Dans i Romsdal" med Molde og Hustadvika kulturskole er det tilbod om Juniorkompani for ivrige danseelevar frå 6.-8.trinn i disse 3 kommunane. Dette er eit ledd i fordjupningstilbodet vårt, og er for elevar med ønskje om å vidareutvikle seg som dansar, både teknisk og scenisk. Denne danseklassen er ikkje bundet til ein spesifikk sjanger/stil, og du kan søkje uansett kva sjanger du dansar i utgangspunktet. Juniorkompaniet kjem til å jobbe med å skape danserisk materiale sjølv og saman med andre, samt lære koreografier. Det vil også være opptredenar og forestillingar, kor éin av desse vil være i samarbeid med dei andre fordypningselevane ved kulturskolen (Kompaniet (dans), kunst, teater og musikk)
Det forventast at elevane prioriterer oppmøtene for å få best mulig kontinuitet i arbeidet.
For å delta i denne klassen, må du være danseelev på minst èin danseklasse i din heimkommune. Undervisninga foregår primært kvar veke i Molde kulturskoles sine lokaler, men oppmøter og oppdrag i de andre kulturskolar kan også være aktuelt. Klassen varer i 75 min.
Ønskjer du delta i Juniorkompaniet kan du skrive det i merknadsfeltet når du søkjer elevplass eller re-registrerer elevplassen.
Jazzdans