Dansemix

Aldersgruppe: 1.–2. trinn

Stad: tilbod både på Gossen og i Julsundet (antall søkjarar avgjer kva tilbod vi har) Alle dansegrupper er opne for både jenter og gutar.

Beskrivelse: 

Dansemix er ein variert time der elevene får ein introduksjon i ulike dansesjangrar, mellom anna klassisk, jazzdans, kreativ dans og hiphop. Det er fartsfylt og fengande dans til musikk som barna kjenner frå før. Gjennom den varierte undervisninga vert eleven sine motoriske ferdigheiter, musikalitet, muskulatur, bevegelighet og kreativitet stimulert. Vi jobbar også med ulike oppgåver som bidreg til å utvikle elevane sine samarbeidsevner. Opplevelse av danseglede og meistring står sentralt.  
 

Søk om plass på dansemix

 

Dansemix - Klikk for stort bileteDansemix