Digital undervisning

Dersom ein elev er forhindra frå å møte til fysisk undervisning kan kulturskolen tilby fjernundervisning. Denne undervisninga foregår på skjerm over nett.

For å kunne gjennomføre fjernundervisningmå eleven ha tilgang til digitalt verktøy som pc, nettbrett eller mobil med programvaren Microsoft Teams, eller lekse/lenkje til øvingsvideo i Speedadmin.dk
 

Digital undervisning

Individuell undervisning
Dersom ein elev av ulike omstende er forhindra i å delta på fysisk undervisning, kan kulturskolen gi tilbod om digital undervisning. Ved ein slik avtale må følgjande punkter gjennomførast:

·         Føresette/elev melder fråvær til kulturskolelæraren seinast dagen før undervisning

·         Timen vert gjennomført digitalt etter tidspunkt som ordinær timeplan

·         Timen vert ikkje refundert dersom den ikkje kan gjennomførast digitalt

Gruppeundervisning
Dersom ein elev er forhindra i å delta på fysisk gruppeundervisning over lengre tid, kan kulturskolen gi tilbod om digital undervisning via øvingsvideo. Ved ein slik avtale må følgande punkter gjennomførast:

·         Føresette/elev melder fråvær til kulturskolelæraren seinast ei veke før undervisning

·         Øvingsvideo blir sendt til elev via elevportalen i Speedadmin

·         Fråværet vert ikkje refundert