• Andre arrangement

Kunstutstilling ARV 2026 ¨Samisk kulturarv i leire¨

Dato

Mandag 1. juni 2026 - torsdag 11. juni 2026

Tidspunkt

kl. 14.30 - 18.00

Stad

Liljå, Aukra Kultuhus

ARV er eit samarbeidsprosjekt mellom Aukra kulturskole, Aukra bibliotek, kulturformidlar ved Aukra kulturhus, og profesjonelle kunstnarar / handverkarar. Målet med ARV er å vidareformidle lokal kulturhistorie og ta vare på den lokale kunst og handverkstradisjonen, og gje dei eldste kunstelevane eit større prosjekt.

I år har vi valgt å hente inspirasjon frå den samiske kulturen, og valgt keramikk som uttrykk. Dei eldste kunstelevane på Gossen og i Julsundet har deltatt i prosjektet. Elevane har hatt innføring i keramikk med lokal pottemakermester, Gro Kjellnes Løvik. Dei har lært om samisk kultur av kulturformidlar Marta Eidskrem og historieforteljar Anne Hungnes har vært innom gruppene og lest samiske historier for dei. Dette har inspirert elevane til å skape sine kunstverk i keramikk som er dekorert med fargar og mønster frå samisk kunst og kultur.

Kunstlærar Liz Roberts har veileda elevane gjennom heile perioden, og vi er stolte av alle dei fine arbeida dei har laga!

Kunstutstillinga er open i biblioteket si åpningstid fram til og med 11.juni.

Utstillinga opnar måndag 1.juli kl. 1430 i Liljå.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Aukra kulturskole

Kontakt

Elizabeth Ann Roberts

Om staden

Namn

Liljå, Aukra Kultuhus

Om arrangementet