Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Korttidsdopphald har fokus på trening eller utgreiing og behandling, slik at brukar etter kvart kan fungere i eigen heim.
Målgruppe for korttidsopphald
Personar som har behov for:
- Heildøgns omsorg i ein periode
- Behandling av sjukdom
- Opptrening/rehabilitering
Om korttidsopphald
- Korttidsdopphald har fokus på trening eller utgreiing og behandling, slik at brukar etter kvart kan fungere i eigen heim. Tilbodet skal vere førebyggande for innlegging i langtidsopphald.
- Opphaldet skal ha ei klar målsetting som er utarbeidd i samarbeid med brukaren.
- Personalet skal motivere til sjølvhjelp og bruk av pasienten sine eigne ressursar.
- Personalet i tett samarbeid med fysioterapeut/ergoterapeut skal bidra til utprøving/tilrettelegging av hjelpemiddel og anna treningsopplegg.
- Utskriving frå institusjon blir planlagt i lag med heimebasert omsorg, pasient og eventuelt pårørande.
- Pårørande må hjelpe pasienten med tenester utover det institusjonen kan tilby t.d følgje til sjukehus, tannlege o.l.
- Alle private klede skal vere merka. Institusjonen kan ikkje ta ansvar for klede som ikkje er merka.
Kor lenge varer korttidsopphaldet?
Opphaldet kan vare frå nokre dagar til fleire veker og opp til 60 døgn.
Slik søker du om korttidsopphald
Send inn søknad om pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.
Send inn søknad
Her finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.
Kva kostar det?
Kriteriar for tildeling
- Behov for heildøgns oppfølging i ei periode.
- Fysisk og/eller kognitivt funksjonstap.
- Kartlegging av omsorgsevne.
- Behandling av sjukdom.
- Medisinskfagleg vurdering av lege.
- Særskilt behov for opptrening/rehabilitering.
- Utsette behov for langtidsopphald.
Eigenbetaling
- Fast beløp per døgn inntil 60 døgn.
Klage på vedtak om korttidsopphald
Publisert 05.11.2018 13.04
Sist endra 21.10.2024 15.12