Aktivere Talende web på kommunen si heimeside
Talande web har ei brukarvennleg verktøylinje som gir deg tilgang til informasjon på ulike måtar og på ulike språk.
Med Talende Web kan du mellom anna peike på den teksten du vil ha lese opp. Teksten som blir lesen opp blir markert visuelt for å gi deg ekstra lesestøtte, og for ekstra fokus kan du bruke leselinjal og nedtoning. Du bestemmer utsjånaden i teksten og korleis han skal lesast opp. Talende Web les opp alt frå nettsider til PDF-filer og vil du høyra på teksten offline, kan du lagra tekst som MP3-fil.
Talende Web kan omsetja tekst til 98 ulike språk og les på 40 ulike språk. Du kan aktivere Talende Web så snart du kjem inn på ein nettstad eller ein app, ved å klikke på Talende Web-ikonet.
Opne heimesida til Aukra kommune på www.aukra.kommune.no. Klikk på ikonet som ligg til høgre i toppmenyen, markert med gul farge på biletet nedanfor, for å slå på Talande Web.
