Skjenkebevilling for opent og lukka arrangement

Når må du søke om skjenkebevilling for arrangement?

Du må søke om bevilling, dersom:

  • du skal ha eit arrangement som er opent for publikum, innandørs og/eller utandørs på eit avgrensa område
  • du leiger lokale og tek betalt for alkohol
  • du skal servere alkohol på offentlege plassar som for eksempel gapahuk på badestrand. Du må søke, sjølv om du ikkje tek betalt for alkoholen. 

Du treng ikkje søke om skjenkebevilling i desse tilfelle:

  • du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup eller interne arrangement i bedrifter og er eigar, leigar, drivar eller tilsett ved det aktuelle lokale. “Leigar” forutset eit varig leigeforhold, men ikkje leige av eit lokale til ei enkelt anledning. Det gjeld lokale som vanlegvis er alment tilgjengeleg for offentlegheita, serveringsstadar, forsamlingslokale eller andre festlokale. Du kan ikkje ta betalt for alkoholen.
  • du leiger eit lokale som privatperson og skal servere alkohol i eit lukka selskap som til dømes bursdag, der utleigar ikkje står for andre delar av arrangementet. Du kan ikkje ta betalt for alkoholen.

Sjekk om du må søke om skjenkebevilling

Krav som du må oppfylle/viktig å vite

  • Du må oppgje ein styrar og ein vara som er ansvarleg for skjenkinga
  • Styrar og og vara for styrar må vere over 20 år
  • Styrar og vara for styrar må ha uklanderleg vandel
  • Skjenkebevilling for open og lukka arrangement gjeld berre for øl og vin (gruppe 1 og 2)
  • Det er ikkje tillatt å drikke medbrakt alkohol på arrangement med skjenkebevilling, uansett om det er eit opent eller lukka arrangement
  • Aukra kommune krev at det er minst fire vakter på arrangementa
  • Aukra kommune innvilgar ikkje skjenkebevilling til arrangement som rettar seg mot barn og ungdom under 18 år

Korleis søke om skjenkebevilling for arrangement?

Du må sende oss ein søknad om skjenkebevilling. Det er same søknad for både open og lukka arrangement. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp eventuelle vedlegg i søknaden.

Søk om skjenkebevilling for arrangement

Du må melde arrangementet til politiet på førehand

Arrangør av arrangement på offentleg stad må melde til eller søke politiet om løyve.

Du må søke politiet om løyve dersom arrangementet har eit omfang som openbart medfører behov for reguleringar. Du må søke minimum fire veker før arrangementet startar. Ved større arrangement bør søknaden bli sendt når planlegginga startar.

Du må melde arrangementet til politiet når du har planar om eit arrangement på offentleg stad, eller dersom arrangementet er tilgjengeleg for allmenta. Du må melde frå minimum to veker før arrangementet startar.

Les meir om korleis du kan melde til eller søke Møre og Romsdal politidistrikt om løyve

Sjekk om du må melde arrangementet til brannvesenet

Planlegg du eit stort arrangement som skal føregå i eit bygg eller område som ikkje normalt vert brukt til dette? Da må du sørge for at brannsikkerheita vert tatt i vare, og varsle brannvesenet om arrangementet.

Du må også melde frå, dersom du:

  • skal bruke lokale til overnatting som ikkje er godkjente overnattingsstadar
  • skal arrangere fakkeltog eller anna markering med faklar

Du må sende meldinga seinast ei veke i før arrangementet og du vil motta eit automatisk svar frå brannvesenet.

Meld arrangementet til brannvesenet

Kva kostar det?

Du får tilsendt faktura etter arrangementet.

Gebyr for skjenkebevilling for eit enkelt høve
BevillingstypeGebyr 2025
Ambulerande skjenkebevilling per arrangementKr 440
Bevilling for eit enkelt høve med inntil 150 deltakarar per dagKr 500
Bevilling for eit enkelt høve med mellom 151 og 600 deltakarar per dagKr 1 500
Bevilling for eit enkelt høve med meir enn 600 deltakarar per dagKr 3 000

 

Søknadsfristar for søknadar om skjenkebevilling

Søknadsfristar for søknadar om skjenkebevilling
Type søknadSøknadsfrist
Ambulerande skjenkebevillingTo veker før arrangementet
Flytting av alminneleg skjenkebevilling for eit enkelt høveTo veker før arrangementet
Skjenkebevilling for eit enkelt høveFire veker før arrangementet
Skjenkebevilling for eit enkelt høve for festivalar, konsertar (ute) og andre større arrangement som skjer uteÅtte veker før arrangementet

Kommunen behandlar søknad om skjenkebevilling for opent og lukka arrangement innan to til åtte veker etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstans brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Kva er eit lukka arrangement/slutta lag?

Klage på vedtak om skjenkebevilling

Vedtak om skjenkebevilling er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar.

Kontakt

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 94 82 64 42
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30