Konsesjon og konsesjonsfridomKonsesjon betyr løyve til å overta eigedom. Du må kontakte landbrukskontoret for å avklare konsesjonsforholdet. Dette gjeld både om du må søkje om konsesjon, og om du ikkje treng å søkje om konsesjon.Kven treng ikkje å søkje om konsesjonsfridom?Du treng ikkje å søkje om konsesjonsfridom om:Du ervervar bebygd eigedom der tomta ikkje overstig 2 dekarDu ervervar av sameigepart i bebygd eigedom som er lagt ut til anna enn landbruksområde i gjeldande reguleringsplan. Dette gjeld når ervervaren er sameigar i eigedommen frå før.Du ervervar eigedomsleilegheit, aksjeleilegheit, obligasjonsleilegheit, andel i boligbyggelag eller burettslagEit burettslag ervervar fast eigedom frå boligbyggelagKven kan søkje om konsesjonsfridom?Du kan søkje om konsesjonsfridom om du ervervarBebygd eigedom som har inntil 100 dekar og har inntil 35 dekar fulldyrka/overflatedyrka jordTomt til bustad- og fritidsføremål og ubebygd areal som er lagt ut til anna enn landbruksføremålFrå nær familieKorleis søkje om konsesjonsfridom?Full ut skjemaet "Eigenfråsegn om konsesjonsfridom" (PDF, 223 kB).Send søknaden til Aukra kommune.Korleis søkje om konsesjon?Om du ikkje kan søkje om konsesjonsfridom, må du søkje om konsesjon.Full ut søknadsskjemaet om konsesjon. (PDF, 154 kB)Legg ved kopiar av skøyte, kontrakt og takst.Send søknaden til Aukra kommune.Kva kostar det?Søknad om konsesjonsfridom er gratis.Pris for behandling av søknad om konsesjon er fastsatt i Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker.Dersom det vert søkt om konsesjon fordi eigar ikkje skal bu på eigedommen, skal det ikkje betalast gebyr.Klage på vedtak Slik klagar du på eit enkeltvedtakDette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Publisert 19.11.2018 13.32 Sist endra 02.12.2025 08.04