Skotpremie - Mink

Det er innført skotpremie på mink i Aukra kommune. Skotpremien er 500 kr per kontrollerte individ. 

Korleis kan eg levere mink?

  • Du kan levere skotne dyr til Smiå ved Riksfjord skole fredagar i skoleåret mellom klokka 8.00 og 13.00.
  • Du må levere heile dyret eller fire føter. Andre delar av dyr, eller dyr der delar manglar, vert ikkje godkjent.
  • Legg dyret i lukka pose påført følgjande informasjon: 
    • Namn, telefonnummer og kontonummer til den som krev skotpremien
    • Jegernummer
    • Kor dyret er fanga eller skote
  • Legg posen i merka kasse på utsida av Smiå
Bilete viser inngangsdøra der mink skal bli levert - Klikk for stort bileteKartet viser kor på Riskfjord skole du kan levere mink

Krav for gjennomføring av jakt på mink

  • Fangst og jakt på mink skal følge norsk lov. Du kan berre få skotpremie for mink som er fanga eller skoten på lovleg vis.
  • Alle som driv fangst eller jakt på mink må ha bestått jegerprøve og ha betalt jegeravgift
  • Du skal bruke godkjente feller, rifle eller hagle for avliving av mink
  • Du må opplyse om kor dyret er fanga eller skoten for å få utbetalt skotpremie

Kontakt

Rune Skogstad Skjulsvik
Teknisk sjef
E-post
Mobil 41 26 64 64
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00