Månadsarrangement for ungdom

Tilbodet er for ungdommar frå 8. klasse til 17 år i Aukra kommune.

Kva er månadsarrangementet?

Kvar månad har vi eit større arrangement for ungdom i Aukra kommune. Tidlegare månadsarrangement har vore Neonparty, Mexican fiesta, karaoke, konsertar, diskotek eller Halloween kino.

Tilbodet er rusfritt og for ungdommar frå 8. klasse til 17 år i Aukra kommune.

Dato, tid og stad

  • Stad: Aukra kulturhus
  • Dato og tid: Fredag eller laurdag kveld

Følg Ung i Aukra på sosiale medium for å sjå arrangementa som kjem:

Kino Haloween - Klikk for stort bilete Jenny Småge Aukra kommune

Korleis deltar eg på månadsarrangementet?

Det er ingen påmelding. Det er berre å møte opp.

Kostar det noko?

Det er stort sett gratis inngang, med unntak av nokre konsertar. Sal av kioskvarer.

Lik Ung i Aukra på sosiale medium

Ungdomsarbeidaren i Aukra kommune har eiga side på Facebook og Instagram, der du kan få informasjon kring arrangement og kva som skjer i kommunen.

Utsnitt av Facebooksida Ungi Aukra.png - Klikk for stort bilete

Har du eit ønske?

Har du eit ønske for eit av månadsarrangementa, send oss ei melding!

Kontakt

Jenny Småge
Miljøarbeidar
E-post
Mobil 95 14 79 36
Aukra kulturhus
Besøksadresse: Aukraringen 3, 6480 Aukra
Telefon 90 98 62 51

Opningstider

Aukra kulturhus

Kulturadministrasjonen er ope måndag til fredag kl. 8.00 til kl. 15.30 (kl. 16.00 i tidsrommet 1. oktober til 30. april)

  • Måndag kl. 8.30-18.00
  • Tysdag kl. 6.30-19.00
  • Onsdag kl. 8.30-20.00
  • Torsdag kl. 6.30.-20.00
  • Fredag kl. 8.30-19.00
  • Laurdag kl. 10.00-15.00
  • Søndag kl. 11.00-15.00