Ved driftsbrot
Aukra kommune skal sikre forsyning av vatn fram til brukaren. Kommunen skal varsle brukaren om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, for eksempel reinsing/spyling av leidningsnettet. Sjå annonse i presse mv.
Vassmangel
Kommunen kan gje restriksjonar for bruk av vatn ved vassmangel.
Om naudsituasjonar (katastrofar mv.) gjer det naudsynt å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil brukarar og næringsverksemder bli informerte om situasjonen og kor lenge den midlertidige/provisoriske vassforsyninga vil vare.
Vasskvalitet
I Aukra kommune er vatnet blautt og ligg på kring 1 på den tyske hardhetsskalaen. Det betyr at det er omtrent 1 milligram kalsiumoksid i 100 milliliter vatn og du treng ikkje tilsetje salt i oppvaskmaskina.
PH-verdien ute på nettet ligg på om lag 7, altså pH-nøytralt. I drikkevatnsforskrifta står det at tiltaksgrenser for pH er under 6,5 og over 9,5. Vatnet skal ikkje vere tærande.
Kontroll av drikkevatn
Aukra kommune tek vannprøver i vassverket annakvar veke samt prøve frå alle våre 13 målepunkt ute i nettet ein gong kvar månad.
Drikkevannsforskrifta beskriv innanfor kva parametrar eit vassverk skal drifte, kva som er toleransenivå for dei ulike parametrane, om eit avvik krev tiltak og kva type tiltak det krev. Kommunen må rapportere alle avvik til Mattilsynet. Avvik som kan føre til helseproblem, krev varslingsplikt. Dette gjeld til dømes e-coli eller tarmbakteriar som intestinale enterokokkar. Ved alvorlege avvik skal kommuneoverlege delta i vurderinga av tiltak.
Mindre alvorlege avvik krev registrering og vurdering av førebyggjande tiltak. Dette gjeld blant anna kimtal og koliforme bakteriar. Her er reingjering av røyrnettet, utspyling på prøvepunkt og reingjering av høgdebasseng førebyggjande tiltak.
Kva skjer ved varslingspliktige avvik?
Ved eit varslingspliktig avvik som til dømes intestinale enterokokkar sender kommunen ut SMS via innbyggjarvarslinga og legg ut informasjon på kommunen si heimeside. Det vert sendt ut ny SMS når avvikket er lukka.
Døme: Intestinale enterokokkar
Intestinale enterokokkar utløyser kokevarsel. Det er krav om to negative prøver før kokevarselet kan opphøyre. Laboratoriet treng 48 timar for å dyrke fram ei vassprøve. Eit kokevarsel ved intestinale enterokokkar vil difor som regel vare i minst 72 timar.
I august og oktober 2025 fekk Aukra kommune påvist intestinale enterokokkar ute på distribusjonsnettet. Det er vanskeleg å konkludere på årsaker til desse to avvika. Intestinale enterokokkar kan kun oppstå ved ein ytre påverknad av drikkevatnet. Dette kan vere alt frå kontaminerte prøveflasker, svikt i prøverutinar eller ei hending ved transport, til feil ved handtering av vassprøver i laboratorium. Eller ein reell forureining i nettet.
Vi har ikkje kunnet konkludere på årsak, men vi tar hendingane alvorleg og gjer det vi kan for å utelukke menneskelige feil ved utføring av vassprøver. I etterkant av desse hendingane har vi iverksett fleire tiltak, blant anna:
- Revisjon og oppfrisking av eigne rutinar ved prøvetaking
- Kontroll av utforming av prøvepunkt
- Gjennomgang og tiltak for fysisk sikring av høgdebasseng
- Reingjering av høgdebasseng
- Utvida kontroll av leidningsnett for å forsøke å påvise “løyse slangar”
Område utan kommunal vassforsyning
I område utan kommunal vassforsyning må bebuarar, næringsliv osv etablere eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggeløyve utan at det ligg føre tilfredsstillande vatn- og avløpsløysing.