Fritak for vurdering med karakter i sidemålFritak for vurdering med karakter i sidemål er ei ordning i forskrift til opplæringslova. Ordninga gjeld for elevar som har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk grunna dokumentert sjukdom, skade, eller dysfunksjon.Kva betyr det å ha fritak for vurdering med karakter i sidemål?Eleven skal framleis få opplæring i begge målformer, men skal ikkje ha karakter i sidemålet. Eleven vert ikkje trekt ut til eksamen i sidemål.Ver merksam på at fritak for vurdering med karakter i eit eller fleire fag kan få konsekvensar for opptak til og val av programområde i vidaregåande skole. Ta kontakt med Møre og Romsdal fylkeskommune for meir informasjon om konkrete konsekvensar. Les meir på vilbli.noKven kan søkje om fritak?Alle føresette på 8. trinn får informasjon om ordninga.Søknad er aktuelt for elevar som: Har dokumenterte vanskar med å lære både bokmål og nynorskHar vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring (ITO) i norskSlik søkjer duFyll ut søknadsskjemaetSkjemaet vert sendt elektronisk til kommunenDet er rektor ved skolen som behandlar søknaden. Rektor Gossen barne- og ungdomsskole: Heidi FalkhyttenRektor Julsundet skole: Knut Anders FostervoldSøknadsfristDu må søkje om fritak før opplæring i sidemål tek til. Søknadar kan bli vurdert fortløpande om særlege behov oppstår. Klage på enkeltvedtakSlik klagar du på eit enkeltvedtakDette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Publisert 24.10.2025 10.08 Sist endra 24.10.2025 10.12