Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon
Kor mange dagar kan du søke om?
Du kan søkje om permisjon frå skolen i inntil 10 skoledagar - to veker. Det er rektor som avgjer om det er forsvarleg å innvilge permisjon.
Når kan du få innvilga permisjon?
Trussamfunn utanfor den norske kyrkje
Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor den norske kyrkje har rett til permisjon på trussamfunnet sine heilagdagar.
Ferie
- Det vil normalt ikkje verte innvilga permisjon til ferie.
- Det kan verte gjeven permisjon ved store familiehendingar, alvorleg sjukdom, dødsfall eller gravferder i nærmaste familie.
- Det kan også vere forhold rundt helse eller velferd i familien som medfører at skolen bør innvilge ein permisjonssøknad.
Konkurransar, verv o.l.
- Det kan bli innvilga permisjon når eleven er teken ut til å delta i idrettsleg eller kulturell konkurranse/stemne på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå.
- Det skal normalt ikkje verte gjeven permisjon til treningssamlingar eller liknande.
- Skulekorps og foreiningar bør ikkje arrangere felles turar eller samlingar i den ordinære skoletida.
- Søknader om fri til å delta i arbeid der eleven er vald til politiske verv som for eksempel Aukra ungdomsråd eller tilsvarande, skal i så stor utstrekning som mogeleg møtest positivt.
Prøver, vurderingar og informasjonsdagar
Elevar får normalt ikkje innvilga permisjon i periodar med førebuing til, og gjennomføring av:
- Statlege kartleggingsprøver
- Nasjonale prøver
- Eksamen, munnleg og skriftleg
- Heildagsprøver
- Andre større vurderingssituasjonar (eks. større prøver, presentasjonar og framleggingar)
- Den fyrste veka av skuleåret - her blir det gitt viktig informasjon.
Slik søkjer du
- Fyll ut søknadsskjemaet
- Skjemaet vert sendt elektronisk til kommunen
- Det er rektor ved skolen som behandlar søknaden.
Klage
Regelverk
Opplæringslova § 2-2
Publisert 07.09.2018 13.57
Sist endra 10.09.2024 15.02