AV1 overfører ein direktestraum frå roboten til eininga til eleven. Ingen data blir teke opp og overføringa er ende-til-endekryptert, som betyr at det er umogleg for eksterne, inkludert oss, å få tilgang til straumen.
Det er berre mogleg å bruke AV1 i sanntid. Det betyr at ein ikkje kan ta opp eller lagre ein videostraum. All data som blir send via nettbrettet og AV1 er kryptert, som betyr at ingen utanforståande kan få tilgang til det som blir sendt mellom barnet og roboten. Videostraumen blir send gjennom ein kryptert «tunnel» med ein nøkkel i begge endar. Denne straumen går direkte mellom nettbrettet og roboten, ikkje innom serverar. Dette gjer at utanforståande aldri kan avlytte kommunikasjonen. For å kommunisere med barnet som sit bak AV1, må ein vere til stades der det skjer, når det skjer.
Leverandør har ikkje høve til å hente ut videostraum mellom nettbrettet og roboten.
Om videostrømmen
Videostrømmen er ende-til-endekryptert.
Om lagring av personopplysningar
Leverandøren No Isolation treng ikkje, og ber ikkje om, noko personleg data om AV1-brukaren. Leverandøren lagrar berre kundedata (eksempelvis kontakinformasjon til skolen eller kommunen som har kjøpt AV1) for å prosessera ordrar og betaling.
Om skjermdump og opptak
Opptak eller skjermdump er ikkje tillaten. Det er ikkje mogleg å ta skjermbilete på ei Android-eining. Om ein prøver på ein iOS-eining får leverandør eit varsel, og minner på brukaren om at AV1-roboten blir stengd om ein prøver å ta skjermbilete. Viss ein prøver å kople AV1 til ein tv-skjerm eller liknande, blir tv-skjermen svart. Det er berre eleven som tilhøyrer klassen som kan følgje med gjennom AV1.
Klart synleg når AV1 er i bruk
Lærar og elevar vil tydeleg sjå at AV1 er i bruk ettersom hovudet vil løftast og auga lyser opp. AV1 overfører berre einvegs video. Det betyr at eleven som ikkje er i klasserommet kan sjå lærarar og
elevar, men lærarar og elevar kan ikkje sjå eleven som har robot.
Berre éin bruker
Berre éin bruker kan vere kopla til ein AV1-robot. Appen krev kode ved innlogging, og ein er forplikta å følgja No Isolation sine brukarvilkår. Vilkåra får ein presentert på ein enkel måte når ein koplar seg til i appen. Det er berre ein elev som kan bruke AV1-roboten om gongen. Eleven lagar eit personleg passord for å logge på AV1-en sin, og må stadfesta at det berre er eleven sjølv som kan passordet. I tillegg må eleven sine føresette skrive under på at det berre er barnet som kan bruke AV1. Om ein føresett skulle logge seg på AV1 er det eit kontraktsbrot.