3 Opptak
Opptak vert gjort administrativt av rådmannen etter innstilling frå styrarane. Kommunestyret skal ha melding om opptak.
Kommunen legg til rette for ein samordna opptaksprosess slik at likebehandling av barn, og likebehandling av kommunale og private barnehagar, vert sikra.
Opptakskriterier
Barnehagelova § 12 a regulerer retten til plass.
Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass. Retten skal oppfyllas frå august månad det året det vert søkt om plass.
Barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter Lov om barneverntenester § 4-4 andre og fjerde ledd og § 4-12, har etter søknad rett til plass, og går framom ved opptak til ønska barnehage – uansett alder og søknadstidspunkt.
Barnet har rett til plass i den kommunen det er busett i.
Kommunen har eitt hovudopptak. Søknadsfristen er 1. mars. Ved ledig kapasitet gjennom året, vil ein kontinuerleg ta inn aukrabarn frå ventelista. Barnet må vere fylt eitt år. Ved fleire på venteliste, vil ein prioritere etter følgjande rekkefølgje:
Barn med spesielle behov der barnehageplass er tilrådd av fagleg instans som PPT, lege eller helsesøster.
5-åringar som ikkje har gått i barnehage før.
Barn frå familiar der begge foreldra/einsleg forsørgjar er i arbeid/under utdanning.
Stiller barna elles likt, skal den som har søkt først ha fortrinn til ledig plass.
Om barnehagen ikkje har barn på venteliste, og samstundes har ledig kapasitet, kan barnehagen ta inn barn busett i andre kommunar for eitt år om gongen. Gjestebarn kan seiast opp med 3 månaders oppseiingsfrist.
Ved tildeling av barnehageplass skal føresette gjerast kjend med barnehagen sine vedtekter.
Barn i Aukra kommune som har fått barnehageplass, har tilbodet inntil dei startar på skolen.
Om nokon ønskjer å endre tildelt tilbod, må dei søkje om dette.
Klage på opptak vert sendt til kommunal klagenemnd via rådmannen.
Helseattest
Før eitt barn tar til i barnehagen skal det leggjast fram fråsegn om barnet si helse. Dersom barnet har møtt til dei ordinære undersøkingane på helsestasjon, kan barnet sine føresette gi slik fråsegn.
Oppseiing av plass
Oppseiing av plass skal sendast skriftleg til styrar 1 månad før barnet skal slutte. Oppseiingstida vert rekna frå og med 1. i månaden etter at skriv om oppseiing er datert, og ein månad framover. Barnet har høve til å behalde plassen i oppseiingstida.
Ved sluttdato i månadene april, mai og juni blir det kravd foreldrebetaling for resten av barnehageåret. Det vil seie at det er tre månader oppseiingstid etter 1. mars.
Døme: oppseiingstid datert i mars, oppseiingstid blir f.o.m. 1. april og tre månader framover. Unnatak frå denne regelen kan gjerast av rådmannen etter skriftleg søknad.