Vedtekter for Aukrabarnehagen

Dei kommunale barnehagane i Aukra skal drivast i samsvar med barnehagelova, og dei føresegner og retningsliner som til ein kvar tid er fastsett av departementet, kommunale vedtak og planer for den enkelte barnehage.

Aukra kommune eig og er ansvarleg for dei kommunale barnehagane.

Kommunen er lokal barnehagemynde og har barnehagefagleg kompetanse over barnehagenivået. Kommunen gjev rettleiing og ser til at barnehagane vert driven i samsvar med gjeldande regelverk.

Vedtektene er vedteke i Aukra kommunestyre 18. oktober 2012 i k-sak 105/12 og gjeld frå 01.01.2013.