Rett til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehagenNasjonal ordning for redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehagen for hushald med låg inntekt.Kven kan få redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid?Barnehagar i Noreg, private og offentlege/kommunale, skal ikkje ta meir i brukarbetaling enn 6 % av hushaldet si samla skattbare inntekt. Dersom hushaldet brukar meir enn 6%, har man rett på redusert foreldrebetaling.Barn på 2, 3, 4 og 5 år (og barn med utsett skolestart) har òg rett til 20 timar i veka gratis kjernetid i barnehagen, når hushaldet si samla inntekt er under 669 050 kr. Kjernetida i barnehagen i Aukra er frå kl. 10.00-14.00 kvar dag.Informasjon om foreldrebetaling Kva er eit hushald?Forskrift om foreldrebetaling i barnehage omtalar eit hushald som følgjande: "Med husholdning menes i forskriften her ektefeller, registrerte partnere og samboere. Som samboere regnes to ugifte personer over 18 år som bor sammen, og som har bodd sammen i et ekteskapslignende forhold i minst 12 av de siste 18 månedene, eller har felles barn. Dersom søker er samboer uten felles barn, må søker opplyse kommunen om dette." Bur barnet sine foreldre kvar for seg og barnet bur fast hos begge foreldra, vert inntekta til hushaldet der barnet er folkeregistrert lagt til grunn i vurderingane. Kor lenge gjeld vedtaket om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid?Vedtak om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid gjeld for eit barnehageår om gongen.Du vel sjølv om du vil søkje ein gong for heile barnehagetida eller om du ønskjer å søkje på nytt kvart barnehageår. Vel du å søkje ein gong for heile barnehagetida, vil barnehagen fatte eit nytt vedtak for kvart barnehageår utan at du må søkje på nytt.Vil du søkje på nytt kvart barnehageår, må du passe på å søkje i god tid før det nye barnehagåret startar.Når kan eg søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid?Du kan søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid heile året. Søknad før 1. augustSøkjer du før 1. august, gjeld vedtaket frå 1. august og ut barnehageåret. Har du vald at du ønskjer å søkje ein gong for heile barnehagetida, vil barnehagen fatte eit nytt vedtak for kvart barnehageår utan at du må søkje på nytt. Søknad etter 1. augustSøkjer du etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut barnehageåret. Har du vald at du ønskjer å søkje ein gong for heile barnehagetida, vil barnehagen fatte eit nytt vedtak for kvart barnehageår utan at du må søkje på nytt. Slik søkjer du om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetidFyll ut søknadsskjemaet om redusert foreldrebetaling i barnehage/gratis kjernetid.Du må krysse av for kva teneste du søkjer om.Klage på vedtak om foreldrebetaling og gratis kjernetidVedtak om foreldrebetaling kan du klage på. Slik klagar du på eit enkeltvedtakDette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post.Lese meir om ordninga om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid?Meir informasjon om ordninga finn du på Utdanningsdirektoratet sine sider.Forskrift om foreldrebetaling i barnehager Sist endra 09.07.2025 14.54