Informasjon til studentar

Ønsker du praksisplass innan området helse og omsorg i Aukra kommune?

Praksisplassar i Aukra

I Aukra kommune tilbyr ein praksisplassar i helse og omsorg for studentar i grunnutdanning og vidareutdanning på institusjon, heimesjukepleie, tiltak for funksjonshemma og tenesta psykisk helse og rus.

Aukra kommune har god dekning av sjukepleiarar og fleire med vidareutdanning innan ulike fagområde. Vi har fleire vernepleiarar i tiltak funksjonshemma. I Aukra kommune får studentane tett oppfølging og utfordrande arbeidsoppgåver.

Kva forventingar kan studentane ha når dei kjem i praksis hit?

Som student i Aukra kommune kan du forvente eit fagleg sterkt læringsmiljø, og fleire rettleiarar har rettleiingskompetanse. Arbeidsoppgåvene du får som student vert tilpassa kor langt du har kome i utdanningsløpet, og du får vere med på varierte arbeidsoppgåver og tverrfagleg samhandling . Vi har samarbeid på tvers av einingar og yrkesgrupper noko som gjer at du som student kan få innsikt i korleis ein samarbeider tverrfagleg og heilskapleg for å fremme meistring og utvikling. Tenesta utfører det meste av avanserte tekniske prosedyrar både i institusjon og hos heimebuande. Dette gjer arbeidsoppgåvene varierte. 

Kva vil studentane lære ved å vere praksisstudent her?

Som student vil du få innblikk i varierte arbeidsoppgåver. Institusjon og heimesjukepleie driftar legevaktsatelitt ilag på ettermiddag, kveld og helg. På legevakta får du erfaring med å nytte forskjellig lab-teknisk utstyr og du vil kunne møte pasientar i alle aldrar. Aukra omsorgssenter har spesialisert skjerma avdeling, lang- og korttidsavdeling og palliativ avdeling.

Aukra kommune nyttar  i stor grad velferdsteknologi  i alle einingar. 

Kommunen har eit nytt og moderne omsorgssenter med alle fasilitetar. Uteområda er godt tilrettelagt for alle  med fleire vandreruter, og det er lagt godt til rette for sanseopplevingar med kunsthus, dyr, samt bær- og krydderhage. Kjøkkenet leverer mat både til bebuarar på institusjon og heimebuande med enkeltvedtak på matombringing. Fokus på ernæring er eit prioritert område i arbeidet med eldre, og det er etablert ei eiga ernæringsgruppe. Som student vil du kunne hospitere med kreft- og palliasjonskoordinator, på dagsenter og i laboratoriet ved legesenteret. 

Helse og omsorg har òg eit tett samarbeid med lokale lag og organisasjonar og frivillege.

Reise og bustad

Aukra kommune består av øy og fastland og ferjeturen frå Hollingsholmen i Julsundet til Gossen tek 10 minutt. Det er ca. 15 minutt og køyre frå Høgskolen i Molde til fergekaia. Ferga er eit gratis sjøcruise både sommar og vinter, og opnar for vidare øyhopping utasunds. 

Når det gjeld overnatting  kan du som student leige hytte eller bobilparkering på Gossen Feriesenter. 

Det er mogleg å ta buss mellom Molde og Aukra, men tilbodet om morgon og på kveldstid er noko redusert. 

Som student bør du kunne disponere eigen bil. 

Aktivitetar i nærområdet

Aukra kommune er eit eldorado for strandløver om veret tillet det. Det er flotte turstiar, padling og sykkelstiar i kommunen. Aukra Feriesenter leiger ut båtar til dei som likar å fiske. Aukra kommune har eit heilt nytt kulturhus med stort basseng, bibliotek og det er ulike arrangement med jamne mellomrom.

Om rettleiing av studentane

Studenten får tildelt ein fast rettleiar før oppstart av praksis. Tilsette har ofte lang erfaring og god kompetanse. Nokre har teke vidareutdanning i praksisrettleiing for studentar. Om rettleiar får fråvær i praksistida blir det sett inn ny rettleiar. Som student vil du bli tatt godt imot og inkludert i arbeidsmiljøet. Helse- og omsorg har lite turn-over og kommunen rekrutterer godt. Om du har behov for meir informasjon kan avdelingsleiar kontaktast.

Kven kan studentane kontakte om der er spørsmål knytt til praksis? 

Kontaktinformasjon studentar
NamnAvdelingTelefonnummerE-post
Malene LillebostadAvdelingsleiar tenester for heimebuande928 19 311malene.lillebostad@aukra.komune.no
Thora GundersenAvdelingsleiar institusjonstenester975 45 291thora.gundersen@aukra.kommune.no
Marius VaranaviciusAvdelingsleiar Bergtun bufellesskap995 38 690marius.varanavicius@aukra.kommune.no
Geir SolemdalAvdelingsleiar psykisk helse og rus950 79 922geir.solemdal@aukra.kommune.no

Kontakt

Malene Lillebostad
Leder/fagleder
E-post
Mobil 92 81 93 11
Thora Amanda Gundersen
Leder/fagleder
E-post
Mobil 97 54 52 91
Marius Varanavicius
Leiar Bergtun, avlastning og støttekontakt
E-post
Mobil 99 53 86 90
Geir Solemdal
Klinisk sosionom
E-post
Mobil 95 07 99 22