Vaksenopplæring for innvandrarar

Vaksenopplæring for innvandrarar

Introduksjonsprogram med norsk og samfunnsundervisning.

Kva er eit introduksjonsprogram?

Introduksjonsprogrammet (intro) er eit kommunalt opplæringstilbod til deg mellom 18 og 55 år som er busett i Aukra kommune etter avtale med IMDI. Du har både rett og plikt til å delta på Intro. Her lærer du norsk og samfunnskunnskap og får kunnskap om korleis du kan ta vidare utdanning eller få ein jobb.

Om tilbodet

  • Programmet er på full tid, dvs. 37,5 timar pr. veke. og går over to år (tre ved behov). Du får introlønn mens du går på Intro.
  • På intro lærer du norsk, samfunnskunnskap, du får arbeidstrening og lærer om det norske utdanningssystemet.
  • Opplæringa er eit samarbeid mellom skolen og NAV.
  • I løpet av Intro skal du ha språkpraksis eller arbeidspraksis. Då er du utplasser i ei bedrift i ein periode og får trening både i å snakke norsk og ser korleis kvardagen på ein norsk arbeidsplass er. Dette er ei god moglegheit til å bli kjent med nordmenn og observere korleis nordmenn jobbar saman, og forstå alle dei uskrivne reglane som finst på ein norsk arbeidsplass.
  • Når du er ferdig på intro er målet at du er klar for vidare utdanning og/eller arbeid her i Noreg. Skal du ut i arbeid får du vidare oppfølging frå NAV med å søkje ledige stillingar, vi hjelper deg å søkje lån og stipend frå Statens Lånekasse for utdanning dersom du skal vidare på skule

Kvar skjer opplæringa?

Opplæringa skjer ved Aukra vaksenopplæring v. tidlegare Riksfjord skole, Riksfjordvegen 189.

Kostar det noko?

Tilbodet er gratis.

Slik søkjer du om å få delta i introduksjonsprogrammet

Ta kontakt med innvandring og integrering for å avklare om du har rett til å delta i programmet. 

Klage

Klage på enkeltvedtak

Kontaktinformasjon

Aud Lisbeth Lillebostad
Einingsleiar
E-post
Telefon 71 17 15 86
Mobil 477 14 833

Adresse

Besøksadresse:
Gamle Riksfjord skole
Riksfjordvegen 189
6480 Aukra

Postadresse:
Aukra kommune
Nyjordvegen 12
6480 Aukra

Kart