Grunnskoleopplæring etter opplæringslova

Grunnskoleopplæring etter opplæringslova

Som vaksen kan du framleis ha rett på å få grunnskoleopplæring og/eller oppfrisking av grunnleggjande dugleikar.

Kven kan få tilbod om grunnskoleopplæring?

Personar som av ulike grunnar har mangelfull grunnskoleopplæring kan få eit tilpassa tilbod ved Gossen barne- og ungdomsskole eller ved Molde voksenopplæring. Dersom du:

  • ikkje har fullført grunnskolen
  • treng å jobbe med grunnleggjande ferdigheiter for å få jobb
  • vil repetere fag før du startar vidaregåande opplæring
  • er innvandrar med fullført norskopplæring, arbeidsledig eller har jobb gjennom tiltak, men treng meir opplæring for å vere kvalifisert til fast jobb, kan du få tilbod om vaksenopplæring.

Du har òg rett til å få vurdert realkompetansen din, altså all den kompetansen du har opparbeida deg gjennom livet men som ikkje er dokumentert. Godkjenning av realkompetanse kan føre til eit kortare undervisningsløp for å få fullført grunnskole og vidaregåande.

Slik søkjer du om grunnskoleopplæring

Ønskjer du å snakke med ein saksbehandlar?

Ta kontakt med pedagogisk rådgjevar. 

Kva kostar grunnskoleopplæringa?

Tilbodet er gratis.

Kontaktinformasjon

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Telefon 71 17 15 30
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Måndag til fredag kl. 08.30-15.30

Fann du det du leita etter?