Logoped

Logoped

Kva tilbyr vi av logopedtenester?

Logopeden gjev hjelp til førskolebarn og elevar frå 0-16 år med:

  • Uttalevanskar
  • Språkvanskar
  • Taleflytvanskar (stamming og løpsk tale)
  • Lese- og skrivevanskar (dysleksi)

Logopeden kan hjelpe med å

  • Rettleie foreldre eller personalet i barnehage og skole
  • Gi barnet direkte trening på bakgrunn av logopedisk utgreiing
  • Hjelpa kan barnet få i heimen, på skolen, i barnehagen eller hos logopeden.
  • Kartleggje for ei eventuell vidare tilvising

Barn som har ein eller fleire av vanskane ovanfor kan bli vist til logoped. Aukra kommune kan kjøpe logopedteneste frå Tøndergård skole i Molde i tillegg til at vi har ei 40% stilling logoped tilsett i kommunen.

Dersom Tøndergård ikkje kan imøtekomme søknaden, og den kommunale logopedressursen ikkje kan hjelpe, kan ein i særskilte høve vise til privat logoped.

Slik går du fram ved tilvising til logoped

Foreldre/føresette, barnehage, skule eller behandlar kan vise barnet til logoped. Føresette må samtykkje i tilvisinga.

Kontaktinformasjon:

Skole

Barnehage

Pedagogisk rådgjevar

PPT

Kontaktinformasjon

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Telefon 71 17 15 30
Fann du det du leita etter?