Informasjon frå kommunen

Eg er bekymra for eit barn

Eg er bekymra for eit barn

Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom, skal du kontakte barnevernet. Barn og ungdom kan og sjølv ta kontakt med barnevernet.

Slik melder du i frå til barnevernet

Du kan ringe i kontortida, vakttelefonen utanom arbeidstid, via post/e-post eller ved personleg oppmøte. Kontaktinformasjonen finn du i høgremenyen.

Du kan vere anonym

Du kan velje å vere anonym. Barneverntenesta ønskjer likevel helst at du seier kven du er, fordi det gir saka større truverd.

Onskjer du å vere anonym, kan du bruke dette skjemaet for bekymringsmelding. Du må skrive skjemaet ut og sendet det til Barneverntjenesten i Molde, Aukra og Vestnes.

Meldeplikt

Offentlege styresmakter, samt ei rekkje yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt, har plikt til å gi opplysingar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir utsett for mishandling, andre former for alvorleg omsorgssvikt eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege adferdsvanskar.

Privatpersonar har eit moralsk ansvar å melde i frå, men ikkje eit juridisk ansvar.

Informasjon om kven som har meldeplikt og kva du som privatperson kan gjere.

Kva skjer etter at eg har meldt saka?

Meldinga vert behandla innan ei veke. Akuttsaker vert behandla straks.

Barnevernet vil anten starte ei undersøking eller henlegge meldinga dersom den ikkje er seriøs. Undersøkinga skal gjennomførast så fort som mogeleg, og seinast innan 3 månader. Undersøkinga blir tilpassa kor alvorleg saka er, skal stå i forhold til innhaldet til meldinga og skal vareta barnet sin beste. Barneverntenesta iverkset tiltak om nødvendig.

Kontaktinformasjon

Barnevernet
Wenche Strand
E-post
Telefon 71 11 16 00
Barnevernsvakta
Mellom kl. 15.30-08.00
Mobil 976 01 616

Opningstider

Barneverntenesta
Kvardagar kl. 08.30-15.30

Adresse

Besøksadresse
Barneverntenesta
Storgata 31
6413 Molde

Postadresse
Molde kommune
Barneverntenesta
Rådhusplassen 1
6415 Molde