Skoleskyss

Skoleskyss

Reglar for skoleskyss

For å ha rett på skoleskyss må avstanden mellom heim og skole være over 2 km for 1. klassingar og over 4 km for 2. - 10. klassingar.

I tillegg har følgjande elevar rett til gratis skoleskyss: 

  • Elevar i 2. klasse som bur meir enn to kilometer frå skolen får gratis skoleskyss om det frå før av går rutegåande transport eller skolebuss som passar med skolestart og slutt.
  • Elevar som bur på strekninga Hjertvikberget – Horremshaugen får gratis skoleskyss om det frå før av går rutegåande transport eller skolebuss som passar med skolestart og slutt.
  • Elevar som bur på strekninga Hjertvikkrysset – og del av Tangevegen får gratis skoleskyss.
  • Bur du nærare skolen enn avstanden over, kan du ha rett til skoleskyss dersom du:
    • går i grunnskolen og har ein særskild farleg eller vanskeleg skoleveg
    • er funksjonshemma, midlertidig skada eller sjuk

Delt bustad - elevar under 18 år med 2 adresser

Elevar som bur på to adresser med delt omsorg kan ha rett på skyss til begge bustadane. Det forutset at skolen har mottatt signert skjema "Stadfesting av delt bustad".  (PDF, 134 kB)

Slik søkjer du

Klage

Om du ikkje er einig i vedtaket om skoleskyss, kan du klage på vedtaket. 

Klage på enkeltvedtak

 

Kontaktinformasjon

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Telefon 71 17 15 30
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00
Fann du det du leita etter?