Mobbeombod for Møre og RomsdalMøre og Romsdal fylkeskommune er med i eit nasjonalt prosjekt med å prøve ut ordninga med fylkesvise mobbeombod.Ordninga vart vedtatt av fylkesutvalet i april 2018 og gjeld for alle barn og unge i barnehagar og grunnskular i Møre og Romsdal. Elev- og lærlingombodet er mobbeombod for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.Kva er eit mobbeombod?Mobbeombodet skal styrke det lokale førebyggande arbeidet mot mobbing i samarbeid med barnehagar, skular, kommunale og private eigarar, gjennom elevråd, fylkeskommunen, KS, Fylkesmannen og andre sentrale aktørar. Mobbeombodet skal rapportere til kommunestyra og fylkestinget.Mobbeombodet er ein uavhengig ressursperson som skal støtte og rettleie barn, elevar og foreldre, slik at dei får ivaretatt retten til eit trygt og godt psykososialt miljø i barnehage og skole.Kristin Øksenvåg er tilsett som mobbeombod i Møre og Romsdal frå 1. september 2018.Kva kan mobbeombodet gjere for deg? Elevar, foreldre og andre kan ta kontakt om dei har opplevd krenkingar eller mobbing Kan rettleie og bistå med å løyse utfordringar knytt til det psykososiale miljøet i barnehage og skole Tilsette, leiarar og eigarar i barnehage og skule kan ta kontakt for å få råd, rettleiing og kompetanseheving Kan bidra på kurs og temakvelder i samarbeid med barnehagar, skular, føresette, idrettslag og andreKven kan du kontakte?Ønskjer du kontakt med mobbeombodet, kan du ta kontakt med Fylkeskommunen Sist endra 20.02.2024 14.59