Aukra kommune

Permisjon frå skolen

Permisjon frå skolen

Kor mange dagar kan du søke om?

Du kan søkje om permisjon frå skulen i inntil 10 skuledagar - to veker. Det er rektor som avgjer om det er forsvarleg å innvilge permisjon.

Når kan du få innvilga permisjon?

Trussamfunn utanfor den norske kyrkje 

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor den norske kyrkje har rett til permisjon på trussamfunnet sine heilagdagar. 

Ferie

  • Det vil normalt ikkje verte innvilga permisjon til ferie.
  • Det kan verte gjeven permisjon ved store familiehendingar, alvorleg sjukdom, dødsfall eller gravferder i nærmaste familie.
  • Det kan også vere forhold rundt helse eller velferd i familien som medfører at skulen bør innvilge ein permisjonssøknad. 

Konkurransar, verv o.l.

  • Det kan bli innvilga permisjon når eleven er teken ut til å delta i idrettsleg eller kulturell konkurranse/stemne på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå. 
  • Det skal normalt ikkje verte gjeven permisjon til treningssamlingar eller liknande. 
  • Skulekorps og foreiningar bør ikkje arrangere felles turar eller samlingar i den ordinære skuletida. 
  • Søknader om fri til å delta i arbeid der eleven er vald til politiske verv som for eksempel Aukra ungdomsråd eller tilsvarande, skal i så stor utstrekning som mogeleg møtest positivt

Prøver, vurderingar og informasjonsdagar

Elevar får normalt ikkje innvilga permisjon i periodar med førebuing til, og gjennomføring av:

  • Statlege kartleggingsprøver 
  • Nasjonale prøver 
  • Eksamen, munnleg og skriftleg 
  • Heildagsprøver 
  • Andre større vurderingssituasjonar (eks. større prøver, presentasjonar og framleggingar) 
  • Den fyrste veka av skuleåret - her blir det gitt viktig informasjon.

Slik søkjer du

Klage

Klage på enkeltvedtak

Kontaktinformasjon

Heidi Falkhytten
Rektor
E-post
Mobil 995 32 262
Hanna Valved Korsvik
Rektor
E-post
Telefon 71 17 18 81
Mobil 472 62 637
Fann du det du leita etter?